Indre marknad: Norske eigarskapstak innan fiskeoppdrett i strid med EØS-avtalen
Norske reglar som forbyd majoritetseigarskap i meir enn 25 % av fiskeoppdrettskonsesjonane er i strid med EØS-avtalen sine reglar om den frie etableringsretten. Dette er den førebelse konklusjonen i eit formelt opningsbrev sendt av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i dag.
Ei forskrift til den norske akvalkulturlova krev at erverv som leier til majoritetskontroll over meir enn 15 % av alle konsesjonar for lakse- og aureoppdrett, må godkjennast av Fiskeri- og kystdepartementet. Alle erverv som fører til majoritetseigarskap i meir enn 25 % av alle tilegjengelege lakse- og aurekonsesjonar er forbode.
Gjennom å komplisere eller forhindre eigarskap som går utover desse taka, vert det mindre attraktivt å nytte seg av den frie etableringsretten. ESA konkluderer difor med at dei norske eigarskapstaka er i strid med etableringsretten.
Sjølv om ESA er samde med Noreg i at distriktspolitiske omsyn kan rettferdiggjere restriksjonar, meiner ESA at dei restriktive eigarskapsavgrensningane ikkje tilfredsstiller kravet til samhøve mellom restriktive verkemiddel og legitime målsetnader. Noreg har ikkje i tilstrekkeleg grad godtgjort at eigarskapsavgrensingane er eigna og naudsynte for å realisere dei legitime distriktspolitiske omsyna som Noreg har fremja. I seg sjølv er ein målsetnad om ein særleg næringsstruktur - til dømes eit mål om ei blanding av små, mellom-store og store verksemder – eit reint økonomisk omsyn som ikkje kan tene til å rettferdigjere unntak frå dei grunnleggande fridomane etter EØS-avtalen.
Eit formelt opningsbrev er det fyrste steget i traktatsbrotsprosedyren. Noreg vert gitt ein frist på to månader til å svare på innhaldet i opningsbrevet. Etter dette vil ESA vurdere å sende ei grunngitt fråsegn, det siste steget før eventuell domstolshandsaming.
For meir informasjon, kontakt:
Mr. Trygve Mellvang-Berg
Press & Information Officer
tel. (+32)(0)2 286 18 66
mob. (+32)(0)492 900 187